-
Aktivitet for seniorar
Gjennom arbeidet i Frivilligsentralen har vi fulgt godt med på samfunnsendringane – både dei som er positive og dei som ikkje er så positive for seniorar i samfunnet. La oss sjå litt praktisk på kor seniorar kan vere med å bidra:
Møtelokalar, grendahus, lagshus
Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane. Knarvik Frivilligsentral har eit godt lokale for møter og samlingarDriv du lagshus/grendahus i bygda di?
”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande - private aktørar som ofte driv på dugnad. Det må vere eit felles mål for både det offentlege og eigarane at bygdehusa blir godt bevart. Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:
- Drift og vedlikehald av hus
- Korleis laga gode arrangement
- Kor får ein tak i gode kulturaktørar
- Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til
https://hordaland.ungdomslag.no/ungdomshus/
På Foreningsportalen til Alver kommune kan du søke opp mange av bygga .
Skoleanlegga: Når det gjeld skoleanlegga så legg kommunen tilrette for at lag og organisasjonar kan nytte skulebygg til aktivitetar. Det å nytte skulerom og skulebygningar i frivillig lag og organisasjonsaktivitet har vore ein praksis i kommunen i alle år. Men det har med jamne mellomrom vore debatt kring tolkinga på denne ordninga, og lag og organisasjonar har fått tilsendt faktura for bruk av lokala. Men kva seier eigentleg lovverket? Dåverande Lindås kulturråd (2018) tok kontakt med kunnskapsdepartementet og spurte kring definisjonen undervisningslokale og bruk av desse lokala. Tolkning av voksenopplæringsloven § 7
Aktiv kommune: Vi nytter eit bookingsystem son heiter Aktiv kommune. I dette systemet kan lag og foreningar i Alver bestille leige av kommunen sine anlegg.
Knarvik Frivilligsentral: Har du ønskje om å bruke møtelokalet til Knarvik Frivilligsentral så ta kontakt. Nøkkelkort for å kome deg inn i møtelokalet får du av dagleg leiar i Knarvik Frivilligsentral.
- Plass til kring 30 personar med bordplass
- Plass til kring 40 personar i stoloppsett
- Fullt utstyrt kjøkken
- Storskjerm
- Trådlaust internett (WIFI)
- Click share
- Telefon
- Kopimaskin
- Publikums-PC
- Skrivetavlar og oppslagstavlar
- Lagringsplass
- Piano
- Lydanlegg med mikrofon
Er det noko du saknar når du bruker lokalet - så sei ifrå.
Del på:
-
Data for seniorar
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
-
Dørstokkmila
Dørstokkmil, oftere brukt i bestemt form dørstokkmila, er et uttrykk for avstanden det kan føles å gå før en er ute av huset, altså over dørstokken, når motivasjonen mangler. Uttrykket assosieres med manglende tiltak eller nøling. Begrepet brukes også mer generelt om hvor vanskelig det kan være å komme i gang med noe og er i slik forstand knyttet til uttrykket «godt begynt er halvt fullendt». En annen betydning av begrepet er situasjonen som ofte oppstår når noen er på besøk og er i ferd med å gå igjen, men likevel blir stående og prate i døråpningen eller på trappa.
-
Flyktning og innvandrer
I dag er det flyktningar frå fleire land som oppheld seg i Alver, og vi venter fleire flyktningar i tida framover
-
Foreningsportal
Knarvik frivilligsentral har i flere år hatt ein god oversikt over lag og organisasjonar i kommunen og i regionen. Denne oversikten finn du no i ein eigen portal.