Programmet LEGACY er eit anerkjent dataprogram og mykje brukt.
Vi går gjennom funksjonar, tips og triks som er nyttige i det vidare arbeidet med slektsarbeidet. Her kan alle komme som har interesse i slektshistorie/slektsforskning.
Bruker du eit anna dataprogram idag og ønskjer å ta ibruk Legacy, så får du hjelp til å ta vare på allereie registrert data, og kanskje vi får tid til å hjelpe deg med sjølve overføringa.
Denne samlinga med lunsj er og ein god arena for dialog kring slektshistorie generelt. Vi har gode fagpersonar til stades.
Samlinga koster kr 50,- inkludert lunsj. Vi treng påmelding:
Knarvik frivilligsentral - Slekta mi - temasamling med dataprogrammet Legacy, 27.02.2024
Alle er hjerteleg velkomne.