Alver kulturråd

Alver kulturråd er ein høyringsinstans for administrasjonen, ein medspelar for politikarane og eit talerøyr for kulturrelaterte lag og organisasjonar.

Det er ein styrke at dei kulturrelaterte lag og organisasjonar kan samlast under ein paraply slik idrettslaga har sitt idrettsråd. Vi håper at ditt lag kan sjå nytta av å vere del av ein felles kulturstemme når planar skal leggjast, pengar skal fordelast og bygg skal reisast. Kommuneadministrasjonen og politikarane treng å samspele for at gode tenester skal samskapast med frivillige lag og organisasjonar.

Tilsaman vil det vere rundt 600 lag og organisasjonar, kor rundt 320 i dag er registrert i Frivilligregisteret.  Ca 80 er kulturrelaterte lag. (https://w2.brreg.no/frivillighetsregisteret/). Du kan lese meir om lag og organisasjonar her.

  • Leiar: Arild Hagenes
  • Styremedlem: Per Ole Ekker
  • Styremedlem: Jegvan Kaarbø
  • Styremedlem: Raymond Solli
  • Styremedlem: Mette Marei Træland
  • Styremedlem:  Ivar Hopland
  • Styremedlem: Johan Myking
  • Varamedlem:   Laura Camilla Størseth
  • Varamedlem:   Hilde Hagesæter


Alver Kulturråd - handlingsplan 2021

Alver Kulturråd - vedtekter

Styremøter, uttaler og dokumenter


Grunnlaget for Alver kulturråd blei lagt i Lindås kulturråd (2015 - 2019) og Radøy musikkråd. For å stifte kulturrådet så jobba interimstyret i heile 2019 og desse sat i interimstyret: Gro Sundal, Per Ole Ekker, Rut Alise Kongevoll, Arild Hagenes, Laura Camilla Størseth og Håkon Aase. Vi vil nytte høvet til å takke interimstyret for gode møter og konstruktiv progresjon i arbeidet.

Dokument i samband med arbeidet i interimstyret:


På skjemaet nedenfor kan laget ditt søkje medlemskap i Alver kulturråd:

Send


2021 © Knarvik Frivilligsentral