Møtelokalar, grendahus, lagshus

Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane. Knarvik Frivilligsentral har eit godt lokale for møter og samlingar

Driv du lagshus/grendahus i bygda di?

”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande - private aktørar som ofte driv på dugnad. Det må vere eit felles mål for både det offentlege og eigarane at bygdehusa blir godt bevart. Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:

  • Drift og vedlikehald av hus
  • Korleis laga gode arrangement
  • Kor får ein tak i gode kulturaktørar
  • Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til

https://hordaland.ungdomslag.no/ungdomshus/

https://www.husetibygda.no/

Foreningsportalen til Alver kommune kan du søke opp mange av bygga .

Skoleanlegga: Når det gjeld skoleanlegga så legg kommunen tilrette for at lag og organisasjonar kan nytte skulebygg til aktivitetar. Det å nytte skulerom og skulebygningar i frivillig lag og organisasjonsaktivitet har vore ein praksis i kommunen i alle år. Men det har med jamne mellomrom vore debatt kring tolkinga på denne ordninga, og lag og organisasjonar har fått tilsendt faktura for bruk av lokala. Men kva seier eigentleg lovverket? Dåverande Lindås kulturråd (2018) tok kontakt med kunnskapsdepartementet og spurte kring definisjonen undervisningslokale og bruk av desse lokala. Tolkning av voksenopplæringsloven § 7

Aktiv kommune: Vi nytter eit bookingsystem son heiter Aktiv kommune. I dette systemet kan lag og foreningar i Alver bestille leige av kommunen sine anlegg.

Knarvik Frivilligsentral: Har du ønskje om å bruke møtelokalet til Knarvik Frivilligsentral så ta kontakt. Nøkkelkort for å kome deg inn i møtelokalet får du av dagleg leiar i Knarvik Frivilligsentral.

  • Plass til kring 30 personar med bordplass
  • Plass til kring 40 personar i stoloppsett
  • Fullt utstyrt kjøkken
  • Storskjerm
  • Trådlaust internett (WIFI)
  • Click share
  • Telefon
  • Kopimaskin
  • Publikums-PC
  • Skrivetavlar og oppslagstavlar
  • Lagringsplass
  • Piano
  • Lydanlegg med mikrofon

Er det noko du saknar når du bruker lokalet - så sei ifrå.

2024 © Knarvik Frivilligsentral