Slekta mi

Slektshistorie, slektsforskning, slektsgransking, ættegransking og genealogi er tittel på det å skaffe seg kunnskap om einskildpersonar eller familiar si avstamming.

Aldersgruppe: For alle

I Knarvik Frivilligsentral kallar vi det "Slekta mi".

Det har vore ei djup interesse for slektshistorie i all tid og i dei siste åra har det eksplodert interesse for temaet.   Dels grunna aukande tilgang til informasjon frå dei offentlege registra og dels grunna tilgang til stadig betre dataprogram som kan handtere den enorme datamengden eit slektstre kan innehalde. 

Knarvik Frivilligsentral har vore så heldig å kunne nytte kunnskapen til Lindås sogelag og Bygdeboknemda for Lindås sokn i kursing i temaet. Men vi veit alle at eit kurs har ein start og ein slutt, og etter det så kan det bli stille. Då er det greit å ha ein møteplass kor vi kan få hjelp i leitinga etter kjelder om våre eigne slekter.

Slekt og Data Hordaland har mange nyttige kveldskurs. Les meir her

Slekta Mi er ein uformell møteplass med utveksling av erfaring og tips om slektshistorie. Vi starta opp 21 sept 2021 med ei samling kor vi snakka om vegen vidare. Der bestemte vi at vi vil prøve med ei samling kl 13-15 første tysdag i månaden.

Det er viktig å halde seg orientert om kor ein kan finne relevant informasjon. Difor har vi vore på besøk hjå

Samlingane har vore gode og nyttige og vi har hatt følgjande temaer:

  • Oppstart med prat om prosjektet
  • Digitalarkivet, søking på informasjon
  • Folketeljingar
  • DNA - ei grunnleggjande innføring
  • Gotisk skrift
  • Kildebruk og kildeorganisering
  • Programvare

Planen vidare (sjå kalenderoppføringane)

  • Ordninære samlingar på første tysdag i månaden
  • Slekstforskardag og slektsforskarkveld for å spreie informasjon enda meir
  • Besøke magasinet til Lindås Sogelag i Knarvik
  • Besøke lokala til Bygdeboknemda for Lindås sokn

Velkomne til dykk som er interessert i slektshistorie.

Mange TV-program har fått "heile Noreg" til å bli meir interessert i sin eigen familie og slekt. Mellom anna NRK-serien "Ukjent arving" er veldig populær. Den 30 nov 2022 var vi så heldige å få besøk av produsent/journalist Oddbjørn Rossnes og programleiar Tarjei Strøm. Det blei ein flott samtale med tittel "Menneske, soga, håp og kjærlegheit"

Kunnige folk på arkiv og slektsdata var tilstades for å gje fagleg innsikt i tematikken. Arrangementet var eit samarbeid mellom Lindås Sogelag, Slekt og Data Hordaland og Knarvik Frivilligsentral






Oddbjørn Rossnes og Tarjei Strøm


Slekta mi

Dato Kl. Tittel Sted
Tir 02.04 13:00 Slekta mi - ordinær samling Knarvik Frivilligsentral
Tir 14.05 13:00 Slekta mi - ordinær samling. MERK DATOEN ! Knarvik Frivilligsentral
Tir 04.06 13:00 Slekta mi - ordinær samling Knarvik Frivilligsentral
2024 © Knarvik Frivilligsentral