Senior

Aktivitetar for godt vaksne

Knarvik Frivilligsentral ønskjer å leggje forkus på kvalitetsreformen "Leve hele livet". Denne reformen hadde sitt utspring i Meld.St 15 (2017-2018). Reformen Leve hele livet skal bidra til at eldre kan mestre livet lenger, ha trygghet for at de får god hjelp når de har behov for det, at pårørende kan bidra uten at de blir utslitt og at ansatte kan bruke sin kompetanse i tjenestene. Meldingens hovedfokus er å skape et mer aldersvennlig Norge og finne nye og innovative løsninger på de kvalitative utfordringene knyttet til aktivitet og fellesskap, mat og måltider, helsehjelp, sammenheng og overganger i tjenestene.


To generelle påstander: 

  • Det er lett å vere senior i Alver i dag. Og med det meiner eg at det er mange aktivitetstilbod å velgje i og at seniorar er veldig ettertrakta. Ein slik uttale krev sjøvsagt oppfølgjing så det kan du lese meir om nedanfor.

  • Det er ikkje lett å være senior i Alver i dag. Samfunnet vårt er i endring. Og all endring er ikkje alltid god endring for alle. Det legg opp til at vi i stadig aukande grad skal kunne klare oss utan behov for offentlege tenester. Det offentlege apparatet skrik på hjelp frå frivillige og det leggjast press på etablerte ordningar. Samfunnet digitaliserast i eit svært høgt tempo og i den sammenheng har staten bestemt at det offentlege skal kommunisere med alle innbyggjarar digitalt innan 2017 – Digital deltaking 2017 som det heiter. Stat og kommune har det med andre ord travelt med å lere oss epost og sms.

Gjennom arbeidet i Frivilligsentralen har vi fulgt nokre av desse samfunnsendringane – både dei som er positive og dei som ikkje er så positive for seniorar i samfunnet. La oss sjå litt på kor seniorar kan vere med:

 

Seniorar er etterspurde:

Helsevesenet treng pensjonistar som kan vere med å hjelpe til. Aktivitetsvenn, omsorgsperson, spaservenn, transport, følgetjeneste, støtte til sydenturar, omsorgsteknologi, avislesing, spillkvelder, ein god prat, praktisk småarbeid osv osv. Lista er lang.

Skolene treng pensjonistar som kanskje kan vere med både i SFO, i skolegården, på veg til/frå skulen, på bussen, på skoleturar, i klasserommet??

Eigedomsavdelinga i kommunen kan trenge hallvertar i hallar og bygningar, dei treng vaksne i barne og ungdomsretta aktivitet slik som open hall osv

Kulturavdelinga treng pensjonistar til kulturaktivitetar, bibliotek og frivilligsentral (seniorar inn i språkkafe, lån ein innbygger, tur- og språktrening, eldretreff, flyktningeguide, studentguide, datahjelp, mobiltelefonhjelp, praktisk hjelp osv

Og eg kan nemne stort sett dei fleste offentlege tenesteområda kor det snakkast og diskuterast om frivillige med tid til overs, som kan vere med å hjelpe til.

Tenk over korleis vi sjølv vil ha det, kven vi ønskjer hjelp frå i gitte situasjonar, og ikkje minst - kven kan du sjølv hjelpe? Vi vil sjå i næraste framtid at samarbeid offentlig-frivillig kjem meir og meir på dagsorden. 

2024 © Knarvik Frivilligsentral