Onsdag 30 November
Kl. 16:00 - 18:30, Nyheim kino - Fammestad Pensjonistkino - Utvandrerne
Kløvheim ungdomslag ved Nyheim Kino i samarbeid med Kløvheim pensjonistlag og Knarvik Frivilligsentral vil skipa til kinoframsyningar i ungdomshuset på Fammestad.

I tillegg til kinoframsyninga vil me ha eit litt ekstra opplegg/ramme kring filmane. Her vil vera ope hus i god tid før og etter filmane tek til. Det vil også verta ein pause i framsyninga med kjøp av kaffi, drikkevarer og noko å bita i. På denne måten vil ein skapa eit miljø med sosialt samvær og pratestunder med gamle kjende.

Me vil innby til samarbeid med ulike aktørar i Alver kommune, som t.d. senioraktivitetar, pensjonistlag, pensjonisttreff o.l. Så kan desse gjerne vera med på å organisera transport, samkøyring for sine medlemer og andre i frå deira område, og reklamere for framsyningane.

Det er filmframsyning 1 gong kvar månad, me ser for oss 4. onsdag i kvar månad som fast filmdag. Me vil annonsera filmane på Nyheim kino si side på nettet, og på kinoen si Facebookside. I tillegg vil me senda info til relevante lag og organisasjonar i Alver kommune via Frivilligsentralen sine adresselister til ulike lag. Billettar kan kjøpast på Nyheim kino sine sider på nett, men er sjølvsagt også til sals ved inngang både kontant og med bankkort

Film er best på kino. Kvifor reisa ut av din kommune får å få ei god filmoppleving med noko attåt. Dette vert ein sosial møtestad for dei som vil sjå film på kino. 

Med atterhald om at koronasituasjonen tillèt arrangementet.

2022 © Knarvik Frivilligsentral