Mandag 6 Februar 2023
Samenes nasjonaldag
Samene sin nasjonaldag blei vedteken av Samekonferansen i Helsinki i 1992, og er felles for alle samer i Norge, Finland, Sverige og Russland.

Den ble feira for første gong i 1993 samtidig som FN sitt internasjonale urbefolkningsår offisielt blei opna i Karasjok. Det første samiske landsmøtet i Trondheim i 1917 blei eit viktig vendepunkt for samefolket. Dette var første gong i historia at nord- og sørsamer frå Norden samla seg til eit stort møte for å drøfte felles samiske problemstillingar over nasjonalstatsgrensane. Ein samisk bevisstgjering blei fødd, og den lange prosessen fram mot folkerettslig og demokratisk likeverd starta. 

Sametinget

I 2003 ble 6. februar offisiell flaggdag i Noreg. For å gratulere med samefolket sin dag seier ein: 

Vuorbbe biejvijn! (lulesamisk), Læhkoeh biejjine! (sørsamisk) og Lihkku beivviin! (nordsamisk).


2024 © Knarvik Frivilligsentral