Torsdag 8 Juni 2023
Kl. 11:00 - 13:00, Knarvik Frivilligsentral
Seniordata sommeravslutning
Dataklubben i Knarvik har sommeravslutning. Her må vi ha påmelding grunna servering.

Digitaliseringa går fort og mange av oss maktar knapt følgje med.

Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.

Vi driv opplæring i det meste innan data. Mobiltelefonen er det viktigaste verktyet i dagens samfunn. Denne må vi lære å bruke på eit måte som gjer at vi kan kontrollere at rekningane blir betalt, at bussbilletten er gyldig, at legetimen passer meg, at eg får vite når neste seniordata skal vere samt mykje meir.

Om du ønskjer å lære meir avanserte ting så kan vi setje opp kurs i det.

Påmelding til sommeravslutning seniordata i Knarvik 8 juni kl 11-13:


2024 © Knarvik Frivilligsentral