Lørdag 22 Mars 2025
Verdas vatndag
Verdas vatndag blei oppretta i etterkant av FN sin konferanse om miljø og utvikling i Rio i 1992.

2,1 milliardar menneske mangler tilgang til reint drikkevatn heime. Dette har konsekvensar for helse, utdanning og livskvalitet. I 8 av 10 hushaldningar utan vatntilgang er jenter og kvinner ansvarlag for å hente vatn til familien. For å sikre berekraftig utvikling er det heilt naudsynt at alle menneske får reint, trygt vatn. 

FN sitt berekraftsmål nr. 6 forplikter verdas land til å sikre at alle har tilgang til reint drikkevatn innan 2030. FN sitt berekraftsmål nr. 13 forplikter verdas land til umiddelbart å kjempe mot klimaendringene og konsekvensene av dei.

Bakgrunn for verdens vatndag

FN si generalforsamling vedtok at 22. mars 1993 skulle vere Verdas vatndag, og at dagen skulle markerast årleg frå då av. Kvart år set UN Water, eininga som koordinerer FN sitt arbeid med vatn og sanitær, eit nytt tema for vatndagen.

I Alver kommune og i regionen har vi gode og aktive organisasjonar som fremjer saka. Særskilt kan nemnast dei laga som har naturvern på agendaen. Men og vasslag,  miljøorganisasjonar, ymse interesseorganisasjonar og alle brukarar av sjø og vatn har nytte av at dette  blir handsama på god måte i framtida.

På Nasjonalt nivå er det mange som fronter saka gjennom medlemskap i Frivillighet Norge

FN - Sambandet si heimeside

2024 © Knarvik Frivilligsentral