-
Data for seniorar
Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
Slekta mi
Slektshistorie, slektsforskning, slektsgransking, ættegransking og genealogi er tittel på det å skaffe seg kunnskap om einskildpersonar eller familiar si avstamming.Aldersgruppe: For alle
I Knarvik Frivilligsentral kallar vi denne opne samlingsstaden for "Slekta mi".
Her finn du datoar for samlingane - Kva skjer i Alver?
Det har vore ei djup interesse for slektshistorie i all tid og i dei siste åra har det eksplodert interesse for temaet. Dels grunna aukande tilgang til informasjon frå dei offentlege registra og dels grunna tilgang til stadig betre dataprogram som kan handtere den enorme datamengden eit slektstre kan innehalde.
"Slekta mi" blir arrangert i samarbeid med Slekt og data Hordaland, Lindås sogelag og Bygdeboknemnda for Lindås sokn. Slekt og Data Hordaland har mange nyttige kveldskurs. Les meir her
Slekta Mi er ein uformell møteplass med utveksling av erfaring og tips om slektshistorie. Vi starta opp 21 sept 2021 med ei samling kor vi snakka om vegen vidare. Der bestemte vi at vi vil prøve med ei samling kl 13-15 første tysdag i månaden.
Det er viktig å halde seg orientert om kor ein kan finne relevant informasjon. Difor har vi vore på besøk hjå
- Statsarkivet som ligg i Bergen. Dette flotte arkivet har vi besøkt fleire gonger.
- Byarkivet i Bergen. Her var vi vore fleire gonger, mellom anna 27 sept 2022. Tusen takk til Ragnhild Botheim og hennes kollega Tor Magnus.
- Kronstad hovedgård i Bergen. Også her var vi vore fleire gonger. Dette er staden kor Slekt og Data Hordaland held til. Stor kompetanse på slektsforskning. Slekt og Data Hordaland har mange arrangement kor du kan få god hjelp.
- Spesialsamlingane på Universitetet i Bergen
- Bygdeboknemda på Lindås
Samlingane i Knarvik Frivilligsentral har vore gode og nyttige og vi har hatt følgjande temaer:
- Digitalarkivet, søking på informasjon
- Nasjonalbiblioteket
- Folketeljingar
- DNA - ei grunnleggjande innføring
- Gotisk skrift
- Kildebruk og kildeorganisering
- Programvare
- Og mykje anna....
Slekta mi
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Tir 17.11 | 13:00 | Slekta mi - for deg med interesse i slektshistorie | Knarvik Frivilligsentral |
| Tir 01.12 | 13:00 | Slekta mi - for deg med interesse i slektshistorie | Knarvik Frivilligsentral |
Del på:
-
Hørselsforbundet - Hørselskafè
Hørselsforbundet Nordhordland har kafè og hjelpepanel klart for deg
-
Møtelokalar, grendahus, lagshus
Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane. Knarvik Frivilligsentral har eit godt lokale for møter og samlingar
-
Møtelokalet i Knarvik frivilligsentral
Har du ønskje om å bruke møtelokalet til Knarvik Frivilligsentral?
-
Pensjonistkino
Kløvheim ungdomslag ved Nyheim Kino i samarbeid med Kløvheim pensjonistlag og Knarvik Frivilligsentral vil skipa til kinoframsyningar i ungdomshuset på Fammestad.