-
Aktivitet for seniorar
Gjennom arbeidet i Frivilligsentralen har vi fulgt godt med på samfunnsendringane – både dei som er positive og dei som ikkje er så positive for seniorar i samfunnet. La oss sjå litt praktisk på kor seniorar kan vere med å bidra:
Språkverkstad for flyktningar
Snakkar du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk?Då er Språkverkstaden for flyktningar kanskje den rette aktiviteten for deg? 😊
Språkverkstaden for flyktningar held til på gamle Knarvik barneskule, og har ope frå 10:00 til 14:00 frå måndag til fredag. Formålet med Språkverkstaden er å vere eit supplement til språkundervisninga som flyktningane allereie deltek i i regi av Alver vaksenopplæring.
På språkverkstaden får flyktningar praktisere norsk språk i ei trygg og venleg atmosfære, saman med frivillige «språkvertar». Flyktningar og språkvertar blir delte inn i grupper basert på interesse, og gjennom felles aktivitetar er målet å utvikle språkferdigheitene til flyktningane.
Aktivitetane Språkverkstaden tilbyr er:
- Handarbeidsgruppe
- Turgruppe
- Spelgruppe
Som språkvert er det ikkje forventa at du har tidlegare erfaring med språkundervisning, eller kjennskap til grammatiske reglar. Språkverkstaden følgjer ingen læreplan eller undervisningsopplegg, og det einaste du treng er tid og interesse for menneske.
Flyktingane som deltek på Språkvekstaden er frå ulike land og har ulik kjennskap til norsk språk. Nokon kan halde ein samtale på norsk, medan andre berre kan nokre få ord. Brorparten er frå Ukraina, men vi har også deltakarar frå andre land. Gjennom å delta i praktiske aktivitetar er målet at alle flyktningar - uansett bakgrunn og opphavsland - kan forbetre språkferdigheitene sine og oppleve meistring.
Som språkvert er oppgåva di å vere ein samtalepartnar for flyktningane, delta i aktivitetsgruppene saman men dei, og skape ei koseleg og inkluderande atmosfære som gjev flyktningane lyst til å lære. Språkverkstaden kan ikkje fungere utan frivillige, og for flyktningane vil du vera ein viktig rerssurs som gjer vegen inn i det norske samfunnet litt lettare.
Frivillige på Språkvekstaden må forplikte seg til å vere språkvertar minst to timar i veka. Mange av språkvertane våre deltek oftare enn det, men det er heilt opp til den enkelte frivillige, og kor mykje ledig du har.
Så har du lyst til å vere nokon trivelege timar på Språkverkstedet, og samtidig hjelpe flyktningar integrere seg i nærområdet ditt? Liker du å strikke eller gå tur? Vil du bli med eit i positivt og inkluderande fellesskap? Eller har du kanskje forslag til ei gruppe Språkverkstedet burde opprette?
Ta kontakt med Frivilligsentralane ved:
- Silje Heltne på telefon 453 16 624 - silje.heltne@alver.kommune.no
- Marit Hellestveit på 462 84 258 - marit.hellestveit@alver.kommune.no
Del på:
-
Data for seniorar
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
-
Dørstokkmila
Dørstokkmil, oftere brukt i bestemt form dørstokkmila, er et uttrykk for avstanden det kan føles å gå før en er ute av huset, altså over dørstokken, når motivasjonen mangler. Uttrykket assosieres med manglende tiltak eller nøling. Begrepet brukes også mer generelt om hvor vanskelig det kan være å komme i gang med noe og er i slik forstand knyttet til uttrykket «godt begynt er halvt fullendt». En annen betydning av begrepet er situasjonen som ofte oppstår når noen er på besøk og er i ferd med å gå igjen, men likevel blir stående og prate i døråpningen eller på trappa.
-
Flyktning og innvandrer
I dag er det flyktningar frå fleire land som oppheld seg i Alver, og vi venter fleire flyktningar i tida framover
-
Foreningsportal
Knarvik frivilligsentral har i flere år hatt ein god oversikt over lag og organisasjonar i kommunen og i regionen. Denne oversikten finn du no i ein eigen portal.