Slektshistorie

Slektshistorie er i skotet for tida. Og bruken av digitale hjelpemiddel gjer jobben så mykje enklare og oversiktlig enn før.

Vi har for tida fokus på "Slekta mi" som er ein møteplass for oss som har interesse for temaet. Dette er ein open arena kor vi møtast første tysdagen i månaden. Les meir om det her. Dataprogramma som nyttast til slektsgransking idag kan du finne meir om på Slekt og Data. Forøvrig kan du finne mykje informasjon på desse nettsidene -  http://slektinorge.no/

Det har vore fleire grunnleggjande kurs i slektsgransking:

  • Bygdeboklaget for Lindås Sokn og Norvald Halland har stillt opp fleire gonger og holdt kurs.
  • Lindås Sogelag har mange dyktige og dedikerte folk og særskilt kan nemnast Knut Geelmuyden. Han er sentral i arbeidet med slektsgransking.  Sogelaget har lokalar i same bygg som Politi og NAV i Knarvik.

Om det er interesse for kurs i slektsgransking så ta kontakt med Knarvik Frivilligsentral.

Deltakarane må ha med eigen PC/nettbrett. Grunnleggjande kunnskap i bruk av datamaskin er ein fordel for å ha fullt utbytte av kurset.


PÅMELDING TIL SLEKTA MI:

Gå inn på kalenderen og meld deg på.

2024 © Knarvik Frivilligsentral