-
Personvernerklæring
Dette dokumentet handler om korleis Knarvik Frivilligsentral samler inn, lagrar og nytter informasjon om personar. Ta kontakt med oss om du er usikker på kva dette betyr for deg.
Teieplikt
Personar som tek oppdrag for Knarvik Frivilligsentral må ha akseptert erklæring om teieplikt.Teieplikt
Eg forplikter meg herved til ikkje å bruke, åpenbare, utlevere eller på annan måte gjere tilgjengeleg for uvedkommande informasjon om alle personlige opplysningar som eg er blitt kjent med i mitt arbeid i tilknytning til Knarvik Frivilligsentral.
Eg vil vere aktsam i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer under mitt arbeid. Personlege opplysningar som er gitt av ein brukar i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren nyttast internt.
Eg har lest dei lovbestemmelsane som er anført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffeloven sitt kapittel 21 § 209 og 210, samt Helsepersonelloven sitt kapittel 5, spesielt § 21. Eg er kjend med at brudd på desse bestemmelsane kan medføre straffeansvar.
Eg er og klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er tilknytta Knarvik Frivilligsentral og etter at mitt engasjement er avslutta.
Retningsliner
Som frivillig forplikter eg meg vidare til å:
- seie frå når eg er sjuk, eller av annen grunn er forhindra fra å komme
- seie frå når noko ikkje fungerer
- seie frå når eg ikkje kan fortsetje mitt engasjement, og når det gjeld ferie / opphold
- seie frå når eg vil slutte
Eg er kjene med og godtar at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går.
Relevante lovstader
- Straffeloven kapittel 21 § 209 og 210
- Markedsføringsloven kapittel 5, spesielt § 21
Teieplikta sitt omfang
Teieplikta omfatter helse- og sjukdomsforhold, følelsesliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomiske forhold, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidsstad.
Teieplikta inntrer når brukaren gjer slike opplysningar til dagleg leiar, frivillig hjelpar eller styret/frivilligforum som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling av slike opplysningar kan medføre skadeverknad for den det gjeld.
Bruk på nett
Erklæring om teieplikt gjeld og dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.