Seniordata

Dataklubbane er for deg som seier "Eg kan ingenting om data." Merk at dette er ein klubb og ikkje eit kurs. Det vil seie at det ikkje er lærer-elev undervisning, men heller ein arena med felles problemløysing.

Seniordata har vi kvar torsdag kl 11-13 i Knarvik og dette er opent for alle.

I Lindåshallen har Lindås pensjonistlag ei samling kvar 14-dag kor du kan få lære litt meir kring data. Gå i kalenderen å sjå når samlingane er.

Vi som er ressurspersonar i klubbane veit at det aldri er for seint å lære, og at ein treng å halde seg oppdatert og trene på å bli tryggare på data. Dataklubbane er ein "ufarleg" møteplass.  Den gode praten, den nyttige kunnskapen og den lange kaffepausen, skal gjere kvar einskild litt irritert over at det er så lenge mellom kvar gang det er dataklubb.

Seniornett Knarvik

Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.

Og vi er takksame for å ha dykk som er frivillige. Her er det knytta band som held i orkan. Den symbiosen som ligg mellom frivillig engasjement, og takksemd for å få hjelp av ein frivillig, er sterk. Ofte veit vi ikkje kven som har hatt mest igjen i dette samspelet. Gleda over å vere nyttig, over å få eit takknemleg smil, ein klapp på skuldra, kan ikkje målast. Og gledesutropet når ein deltakar på dataklubb får til det ein har prøvd på - er musikk i øret.

Tusen takk til dykk som er frivillige.

PÅMELDING TIL SENIORDATA:

Gå inn på kalenderen og meld deg på. Grunna servering så må vi ha påmelding.

2024 © Knarvik Frivilligsentral