Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
Vi driv opplæring i det meste innan data. Mobiltelefonen er det viktigaste verktyet i dagens samfunn. Denne må vi lære å bruke på eit måte som gjer at vi kan kontrollere at rekningane blir betalt, at bussbilletten er gyldig, at legetimen passer meg, at eg får vite når neste seniordata skal vere samt mykje meir.
Om du ønskjer å lære meir avanserte ting så kan vi setje opp kurs i det.