Men det som skjer der, går ofte under radaren i norsk offentlegheit. Sidan 2014 har landet blitt styrt av eit hindunasjonalistisk parti, og menneskerettane til minoritetar og kritikarar er i fritt fall. Kvar går atommakta India? Elisabeth Eide gir i dette foredraget nokre svar.
Elisabeth Eide er journalist, forfattar og professor emerita ved Oslomet. Ho er ein av to forfattarar bak boka India – på vei mot hindunasjonalisme (2022). Ho gjesta Senioruniversitetet i august 2022.