Akselberg vil i innlegget sitt ta føre seg korleis me stiller oss til endringar i språket og om dialektar kan døy. Døyr strilemålet? Kva må til for at strilemålet forsvinn? Med utgangspunkt i dialekt- og talemålskritikken til Steinfeld og Borch stiller han spørsmålet: Er strilemålet ueigna i media?
Gunnstein Akselberg er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har arbeidd mykje med dialektar og stadnamn, er ein aktiv foredragshaldar og fast mannskap i Linda Eides språksjov på NRK1. Foredraget inngår i Nynorskdagane i Alver.