I foredraget får du forteljingar og spektakulære bilete om livet på og ved vestlandsvegane i nær fortid: Tokagjelet, Trollstigen, Måbødalen og fleire andre – vegar som i dag stort sett er erstatta med tunellar.
Halvor Folgerø er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekke vore tilsett i NRK. Boka Fleire Vestlandsvegar – frå Trollstigen til Djevelens veranda er den nyaste av fleire bøker han har skrive om emnet.