Konspirasjonsteoriar tek merksemda vekk frå viktige debattar om verkelege problem, fører til at politisk engasjement blir kvelt i avmakt og til at samfunnsmessig frustrasjon blir omdanna til hat og ekstremisme. Strømmen vil ta føre seg tre bestanddelar han meiner er viktige for ei samfunnskritisk tilnærming: konspirasjonsteoriar som fenomen, problem og symptom på faktiske samfunnsutfordringar.
Øyvind Strømmen er forfattar og journalist. Han gav i 2021 ut boka Giftpillen. Konspirasjonsteorier og deres ødeleggende kraft, og har skrive fleire andre bøker og artiklar om politisk ekstremisme.