Vi driv opplæring i det meste innan data. Mobiltelefonen er det viktigaste verktyet i dagens samfunn. Denne må vi lære å bruke på eit måte som gjer at vi kan kontrollere at rekningane blir betalt, at bussbilletten er gyldig, at legetimen passer meg, at eg får vite når neste seniordata skal vere - samt mykje meir. Om du ønskjer å lære meir avanserte ting så kan vi setje opp kurs i det.
Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.
- Møteplassen for seniordata i Knarvik er i Knarvik Frivilligsentral kvar torsdag kl 11 - 13.
- I Lindåshallen har Pensjonistforbundet Lindås ei samling kvar 14-dag i samarbeid med Frivilligsentralen.
Skulle du ha behov for assistanse til å oppdatere eller oppgradere datautstyret ditt så ta kontakt. Vi har folk som kan hjelpe deg.
Og vi er takksame for å ha dykk som er frivillige i møteplassane. Den symbiosen som ligg mellom frivillig engasjement, og takksemd for å få hjelp av ein frivillig, er sterk. Gleda over å vere nyttig, over å få eit takknemleg smil, ein klapp på skuldra, kan ikkje målast. Og gledesutropet når ein deltakar på dataklubb får til det ein har prøvd på - er musikk i øret.
Nokre gongar har vi ekstra servering og då treng vi påmelding til møteplassane. Du melder deg på ved å klikke på datoen i kalenderen: