Denne gongen får vi besøk frå Norges Blindeforbunds Nordhordland lokallag som skal fortelje oss om det å vere synshemma i dagens digitale samfunn.
Her kan du berre møte opp og få hjelp til det du treng på data, mobiltelefon og nettbrett - eller andre datarelaterte ting. Skulle det vere nokre tema som er spesielle for fleire deltakarar, så set vi opp kurs utanom klubb- og temadagane.
Seniornett Knarvik
Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.
Digital festival i ei heil veke.....
I veke 43 (21 - 27 oktober) er Noreg i digital-modus. Då vil det bli ei særskilt oppfølging og tilbod til seniorar når det gjeld data og det digitaliserte samfunnet. Følg med på SeniorNett sine nettsider.