Tirsdag 5 November
Kl. 11:00 - 13:00, Lindåshallen - sosialrommet
Seniordata Lindåshallen - open dag
Dataklubbane er for deg som seier "Eg kan ingenting om data." Merk at dette er ein klubb og ikkje eit kurs. Det vil seie at det ikkje er lærer-elev undervisning, men heller ein arena med felles problemløysing.

Opne dagar har vi kvar 14.dag. Her kan du berre møte opp og få hjelp til det du treng på data, mobiltelefon og nettbrett - eller andre datarelaterte ting. Skule det vere nokre tema som er spesielle for fleire så set vi opp kurs utanom klubb- og temadagane.

Seniornett Knarvik

Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.

Digital festival i ei heil veke.....

I veke 43 (21 - 27 oktober) er Noreg i digital-modus. Då vil det bli ei særskilt oppfølging og tilbod til seniorar når det gjeld data og det digitaliserte samfunnet.  Følg med på SeniorNett sine nettsider.

Og vi er takksame for å ha dykk som er frivillige i dataklubbane. Den symbiosen som ligg mellom frivillig engasjement, og takksemd for å få hjelp av ein frivillig, er sterk. Gleda over å vere nyttig, over å få eit takknemleg smil, ein klapp på skuldra, kan ikkje målast. Og gledesutropet når ein deltakar på dataklubb får til det ein har prøvd på - er musikk i øret.  
2024 © Knarvik Frivilligsentral