Har du behov for å lære meir om korleis du bruker dataprogram i slektsforskinga di ?
Då er du hjarteleg velkomen til denne samlinga kor vi hjelper kvarandre. Her deler vi erfaringar med andre som bruker same slektsprogram som deg. Her blir du oppdatert på nyhende og endringar i programmane. Er du ny brukar av programmet, kan du få hjelp av våre erfarne slektsforskarar. Du kan og få hjelp til installering, oppdatering og mykje meir når det gjeld programmet på din PC.
Tips! Det er fort gjort å gløyme kva ein lurer på. Skriv ned spørsmåla når utfordringa er der, og ta desse med til samlinga.