Opne dagar har vi kvar 14.dag. Her kan du berre møte opp og få hjelp til det du treng på data, mobiltelefon og nettbrett - eller andre datarelaterte ting. Skule det vere nokre tema som er spesielle for fleire så kan vi setje opp kurs utanom klubbdagane.
Seniordata i Lindåshallen er eit samarbeid mellom Knarvik Frivilligsentral og Pensjonistforbundet Lindås.
Seniornett Knarvik
Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.
Digital festival i ei heil veke.....
I veke 43 (21 - 27 oktober) er Noreg i digital-modus. Då vil det bli ei særskilt oppfølging og tilbod til seniorar når det gjeld data og det digitaliserte samfunnet. Følg med på SeniorNett sine nettsider.
Og vi er takksame for å ha dykk som er frivillige i dataklubbane. Den symbiosen som ligg mellom frivillig engasjement, og takksemd for å få hjelp av ein frivillig, er sterk. Gleda over å vere nyttig, over å få eit takknemleg smil, ein klapp på skuldra, kan ikkje målast. Og gledesutropet når ein deltakar på dataklubb får til det ein har prøvd på - er musikk i øret.