Mandag 9 Juni
Kl. 10:00 - 14:00, Knarvik Frivilligsentral
Helsebase - ein møteplass for helserelatert aktivitet
HLF Nordhordland startar opp helsebase

Helsebase har vore tema gjennom mange år. Ein møteplass for menneske med ulike funksjonshemmingar kor du kan komme for å slå av ein prat med likesinna, få hjelp til enkle helserelaterte ting og skape ein ressursbank for helserelatert informasjon. 

I første omgang tar HLF (Hørselshemmedes Landsforbund)  initiativ og gir eit tilbod til dei som har utfordringar med hørsel og med utstyr relatert til det. Du treng ikkje vere medlem i lag og organisasjon for å møte her. Her er det berre å møte opp.

Ulike lag for funksjonshemma i Nordhordland har eit felles behov for permanent lokale til kurs, medlemsmøte, styremøter, sosiale aktivitetar, trening - og "kontortid for likemenn". Om ikkje alt kan gjerast med ein gong så er helsebase i lokalane i Knarvik Frivilligsentral ein start på eit tilbod mange spør etter, og eit tilbod som er spanande å utvikle vidare.

2025 © Knarvik Frivilligsentral