Alle kan vere med.
Vi treng alle noko å halde på med, noko å fylle dagen med og nokon å vere saman med. Denne koselige gjengen har det trivelig med gode historier, utveksling av nyhende, god prat, strikk og tips, gratis kaffe og kjeks.
Det er berre å møte opp mellom kl 10 - 15 ein mandag i månaden. Følg med i avisane, på heimesida til kommunen og på heimesida til Knarvik Frivilligsentral.