Utdanning på eige morsmål er naudsynt for kvalitet i utdanning
Den internasjonale morsmåldagen kan knyttast til FN sitt berekraftsmål nummer fire som fokuserer på å gje alle god utdanning. God utdanning inneber å leggje hovedgrunnlag for livslang læring og å ha kvalitet i det ein lærer. For at læringa skal gje mest mogleg utbytte, så er det beste at born får lære på sitt eige språk. UNESCO meiner at respekt og opplæring i eleven sitt morsmål er viktig for å fremje språkleg mangfald, forståing og toleranse.
Språk, og særskilt morsmål er ein grunnstein i ulike folk si kulturhistorie og tradisjonar. FN sin organisasjon for utdanning, vetenskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO) arbeider for å styrke minoritetsspråk, urspråk og utrydningstrua språk.
I tillegg til å verne språk som del av vår kulturarv, jobber UNESCO og for å auke forståing og toleranse mellom mennesker gjennom å støtte eit levande språkmangfald.
I Alver kommune og i regionen har vi gode og aktive organisasjonar som fremjer saka.
- Meland mållag - Lindås mållag - Osterfjorden mållag - Alversund mållag
- Lindås sogelag - Radøy sogelag - Meland sogelag - Nord- og Midthordland sogelag
Og ikkje mist har vi biblioteka.
På Nasjonalt nivå er det mange som fronter saka gjennom medlemskap i Frivillighet Norge