Fredag 1 September 2023
Kl. 18:00, Knarvik stadion
Knarvikmila - Volvatstafetten
Volvatstafetten er sosial teambygging og betre folkehelse samla i eit arrangement. Gå saman med gode kollegaer, lag eit lag og bli med på ein kort og intens stafett i fellesskap.

Lag ditt eige lag med 5 av dine favorittkollegaer, gode vener eller lagkameratar frå idrettslaget. Stafetten er sett saman av 5 korte etappar frå under 1 km til ca. 1,5 km kvar. Start og mål er på Knarvik stadion og alle etappar vil ha veksling like ved stadion, slik at det vil vera mogleg å følgja utviklinga i løpet nærast heile tida. Du vil aldri vera langt frå ein god kollega eller lagkamerat som heiar deg fram til neste veksling!

Kveldsarrangement med middagsbuffé og lett underhaldning Etter stafetten inviterer vi alle løparar, supportapparat og heiagjeng til ein uformell middagsbuffé i Nordhordlandshallen. Her blir det premieutdeling, middagsbuffé, lett underhaldning og god stemning.

Kom som du er – lett svett treningstøy er nok standardantrekk denne dagen!

VOLVAT-stafetten — KnarvikMila / The Great Fjord Run 

2024 © Knarvik Frivilligsentral