Tirsdag 2 April
Kl. 11:00 - 13:00, Knarvik Frivilligsentral
Seniordata Lindåshallen
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.

Vi driv opplæring i det meste innan data. Mobiltelefonen er det viktigaste verktyet i dagens samfunn. Denne må vi lære å bruke på eit måte som gjer at vi kan kontrollere at rekningane blir betalt, at bussbilletten er gyldig, at legetimen passer meg, at eg får vite når neste seniordata skal vere - samt mykje meir. Om du ønskjer å lære meir avanserte ting så kan vi setje opp kurs i det.

Knarvik Frivilligsentral er medlem i SeniorNett og har si eiga heimeside på Seniornett sitt domene. Vi anbefaler alle å bli medlem i SeniorNett. Der er det veldig mye bra informasjon og opplæring.

Dataklubben i Knarvik er i Knarvik Frivilligsentral kvar torsdag kl 11 - 13. 

I Lindåshallen har Lindås pensjonistlag ei samling kvar 14-dag kor du kan få lære litt meir kring data. Gå i kalenderen å sjå når samlingane er.

Skulle du ha behov for assistanse til å oppdatere eller oppgradere datautstyret ditt så ta kontakt. Vi har folk som kan hjelpe deg.

Grunna servering treng vi påmelding til klubben i Knarvik. Du melder deg på ved å klikke på datoen:

2024 © Knarvik Frivilligsentral