Tirsdag 5 September 2023
Kl. 12:00 - 14:00, Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim
Senioruniversitetet - Kvar går India?
India er kalla "det største demokratiet i verda". I april i år gjekk India forbi Kina som det mest folkerike landet i verda

Men det som skjer der, går ofte under radaren i norsk offentlegheit. Sidan 2014 har landet blitt styrt av eit hindunasjonalistisk parti, og menneskerettane til minoritetar og kritikarar er i fritt fall. Kvar går atommakta India? Elisabeth Eide gir i dette foredraget nokre svar. 

Elisabeth Eide er journalist, forfattar og professor emerita ved Oslomet. Ho er ein av to  forfattarar bak boka India – på vei mot hindunasjonalisme (2022). Ho gjesta Senioruniversitetet i august 2022. 

2024 © Knarvik Frivilligsentral