Tirsdag 31 Oktober 2023
Kl. 12:00 - 14:00, Seniorsenteret på Knarvik sjukeheim
Senioruniversitetet - Tap av sjølvbestemmingsevne, framtidsfullmakt og arv
Thomas Eeg vil ta opp temaet arv og testament: Korleis det vi etterlet oss når vi døyr, blir fordelt blant arvingane og korleis vi kan påverke dette.

Han vil likevel snakke mest om temaet framtidsfullmakt: Korleis kan vi velje kven som skal bestemme på våre vegner medan vi framleis lever, dersom vi ikkje lenger er stand til å gjere det sjølv, og kvifor bør vi vurdere å gjere det? 

Thomas Eeg er professor, dr. juris, ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Han arbeider mest med arverett og familierett. Blant nyare arbeid kan nemnast boka Arveretten i 2022. 

Les meir her

2024 © Knarvik Frivilligsentral