Tirsdag 21 September 2021
Kl. 13:30 - 15:30, Knarvik Frivilligsentral
Slekta mi
Slektshistorie, slektsforskning, slektsgransking, ættegransking og genealogi er tittel på det å skaffe seg kunnskap om einskildpersonar eller familiar si avstamming

I Knarvik Frivilligsentral kallar vi det "Slekta mi".

I dei siste åra har det eksplodert interesse for temaet.  Dels grunna aukande tilgang til informasjon frå dei offentlege registra og dels grunna tilgang til stadig betre dataprogram som kan handtere den enorme datamengden eit slektstre kan innehalde. 

Knarvik Frivilligsentral har vore så heldig å kunne nytte kunnskapen til Lindås sogelag og Lindås bygdeboknemd i kursing i temaet. Men vi veit alle at eit kurs har ein start og ein slutt og etter det så kan det bli stille. Mange av oss står fast i leitinga etter kjelder om våre eigne slekter.

Difor set vi no i gang ein uformell møteplass med utveksling av erfaring og tips om slektshistorie. Vi starta opp 21 sept med ei samling kor vi snakka om vegen vidare. Der bestemte vi at vi vil prøve med ei samling kl 13-15 første tysdag i månaden fram til jul.

Dei neste samlingane er: 5 okt - 2 nov - 7 des


Velkomen til alle dykk som er interessert i slektshistorie.

2024 © Knarvik Frivilligsentral