Tirsdag 5 April 2022
Kl. 13:00 - 15:00, Knarvik Frivilligsentral
Slekta mi - for deg som er interessert i slektshistorie
Slektshistorie er i skotet. Og dei digitalt lett tilgjengelege databasane gjer det enda meir spanande.

Knarvik Frivilligsentral har vore så heldig å kunne nytte kunnskapen til Lindås sogelag og Lindås bygdeboknemd i kursing i temaet. Men vi veit alle at eit kurs har ein start og ein slutt og etter det så kan det bli stille. Mange av oss står fast i leitinga etter kjelder om våre eigne slekter.

Dei frivillig knytt til denne aktiviteten treng ikkje ha kunnskap knytt til temaet. Frivilligsentralen treng hjelparar til fleire praktiske ting i lokalet vi nyttar. Det kan vere å koke kaffe, rydde bord, ordne storskjerm, foreta innkjøp m.m. Og vi treng sjølvsagt frivillige som har ei spesiell interesse for slektshistorie og kan støtte med kunnskapen sin.

Melde deg på og bli med.

Påmelding er stengt
2024 © Knarvik Frivilligsentral