Mandag 14 November 2022
Kl. 18:00 - 21:00, Knarvik Frivilligsentral
Slekta mi - kveldssamling
Slektshistorie, slektsforskning, slektsgransking, ættegransking og genealogi er tittel på det å skaffe seg kunnskap om einskildpersonar eller familiar si avstamming.

I Knarvik Frivilligsentral kallar vi det "Slekta mi". Slekta Mi er ein uformell møteplass med utveksling av erfaring og tips om slektshistorie. 

Det har vore ei djup interesse for slektshistorie i all tid men i dei siste åra har det eksplodert interesse for temaet.   Dels grunna aukande tilgang til informasjon frå dei offentlege registra og dels grunna tilgang til stadig betre dataprogram som kan handtere den enorme datamengden eit slektstre kan innehalde. 

Knarvik Frivilligsentral har vore så heldig å kunne nytte kunnskapen til Lindås sogelag og Lindås bygdeboknemd i kursing i temaet. Men vi veit alle at eit kurs har ein start og ein slutt og etter det så kan det bli stille. Mange av oss står fast i leitinga etter kjelder om våre eigne slekter.

Slekt og Data Hordaland har mange nyttige kveldskurs. Les meir her

Samlingane så langt har vore gode og nyttige og vi har hatt følgjande temaer:

  • Oppstart med prat om prosjektet
  • Digitalarkivet, søking på informasjon
  • Folketeljingar
  • Juleavslutning, kort runde innom temaet DNA, køyreplan for våren 2022.
  • Gotisk skrift
  • Meir DNA
  • Kildebruk og kildeorganisering
  • Digital samling kring bruk av dei ymse dataprogrammane
  • Besøke Statsarkivet (dette gjorde vi våren 2022)
  • og mange fleire temaer og spørsmålsrundar
Påmelding er stengt
2024 © Knarvik Frivilligsentral