Fredag 9 September 2022
Heile Alver kommune
Strandryddeveka
Strandryddeveka arrangerast 09. til 18. september 2022 og mange tusen frivillige rundt om kring i Norge skal rydde strender. Strandryddeveka er for alle, både store og små aksjonar bidrar til opprydding. Vil du være med å gjere ein innsats for naturen, dyra og fuglane?

Blir du med på strandryddeveka 2022? | NGIR 

Bli med | Aksjoner - Rydde (ryddenorge.no) 

Det er enkelt å delta på strandryddeveka: 

  • Vel kor og når du skal rydda 
  • Registrer gjerne ryddeaksjonen din på ryddenorge.no eller i rydde-appen.
  • Hent hanskar og strandryddesekkar i ein av kassane vi har plassert rundt i distriktet.
  • Rydd valfri elv, innsjø, strand, holme, øy eller sti. 
  • Ta kontakt med oss på strandrydding@ngir.no for å avtala henting av avfallet du finn. 

Her er ei oversikt over kassar med strandryddeutstyr

  • Joker Byrknes
  • Vidsyn Sløvåg
  • Joker Brekke
  • Spar Hosteland
  • Matkroken Fedje
  • Joker Austrheim
  • Coop Marked Modalen
  • Bunnpris Bøvågen
  • Nærbutikken Feste
  • Rema1000 Ostereidet
  • Rema1000 Frekhaug
  • Mjåtveit Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Manger Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Kjevikdalen Gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
  • Litlås gjenvinningsstasjon (utsida av gjerdet)
2024 © Knarvik Frivilligsentral