Onsdag 22 Juni 2022
22.06.2022 kl. - 28.06.2022 kl., Vestland fylke
Sykkelturen 2022 i Vestland fylke
Turen går gjennom Vestland fylke 22 - 28 Juni. Du kan nå vere med å påverke kor ruta skal gå og kven vi skal møte langs ruta samt arrangement undervegs og parallelt med sykkelturen. Bli med og løft frivilligheita i Vestlandet fylke saman med oss !

Norges Frivilligsentraler inviterer heile landet til å bli med på sykkeltur gjennom Norge, frå 21. mai til 16. august 2022. 

Vi skal løfte frivilligheita, på hjul frå Nordkapp til Arendalsuka. Kvart fylke har fått tildelt ei veke. Frivilligsentralane og ei rekkje samarbeidsorganisasjonar oppfordrast til å skape eit mangfold av aktivitetar på tvers av generasjonar, kulturar og samfunnslag langs ruta. 

Saman skal vi sykle, for å skape gode og inkluderande lokalsamfunn. Sykkelturen skal ha fokus på arbeidet med reformen "Leve hele livet" nasjonalt, regionalt og lokalt. Hovedmålet med sykkelturen er å setje lys på merverdien av å føle seg til nytte i samfunnet, og oppleve gode relasjonar i kvardagen. 

Norges Frivilligsentraler vil oppnå målet ved å invitere til samskaping. Vi er overvelda over den positive responsen og det store engasjement så langt, som har bidratt til eit godt grunnlag for prosjektet. Nå ønskjer vi deg å bistå med å initiere, koordinere og leggje til rette for aktivitetar og engasjement for sykkelturen.

 Les meir om Sykkelturen 2022 på vår nettside

2024 © Knarvik Frivilligsentral