Organisasjonslivet - kurs i drift
Alver kommune ved Frivilligsentralane inviterer lag og organisasjonar til orientering og dialog kring tema "Drift av laget"Det er om ikkje så lenge årsmøtetid. Og det skal innkallast og gjennomførast årsmøte i laget ditt. "Vårens vakraste eventyr" eller "den store styrkeprøven" ?
- Valkomitè i sving
- Årsmelding, rekneskap, handlingsplan, budsjett, val m.m.
- Styremedlemar ut av styret, og nye inn.
- Det skal overførast tilgangar til fleire registre som skal oppdaterast
- Kommunikasjonen må vere riktig både på innhald og på tid.
- Dokumenter og filer skal handterast og lagrast på ein forsvarleg måte,
- Informasjon skal gjerast tilgjengeleg.
- ...og mykje meir.
Og etter årsmøtet kjem kvardagen i laget, kor eit styre skal jobbe med mandatet frå årsmøtet.
Vær med denne kvelden og få tips og ein god samtale kring "Drift av laget".
- Tid: Onsdag 12 nov 2025 kl 18
- Stad: Knarvik Frivilligsentral
Alle er velkomne !
Del på:
Flere nyheter