Vil du bli flyktningfadder?

Denne hausten setter Frivilligsentralane i Alver kommune i gong fadderordning for flyktningar.

Det er mange grunnar til at ein vil bli flyktningfadder. Kanskje ein har eit personleg forhold til landet flyktningane kjem frå? Kanskje ein er stolt over heimplassen sin, og vil sørgje for at ein ny nabo får ein god velkomst? Kanskje ein er interessert i andre kulturar? Eller kanskje ein blir prega av krigen og valden ein les om i nyheitene, og kjenner på ein trong til å hjelpe dei som lid?

Ein frivillig flyktningfadder hjelper flyktningar i Alver kommune med å bli kjend med sin nye heimplass og med norsk kultur. Han eller ho er ein viktig vegvisar inn i det norske samfunnet, og ein person ein kan få litt ekstra støtte frå i ein krevjande etableringsfase.

Korleis fungerer det?

  • Flyktningfadderen blir satt saman med ein flyktning eller flyktningfamilie busatt i ditt nærområde. Vi forsøker å ta hensyn til alder, interesser og liknande.
  • Det første møtet mellom fadder og flyktning blir sett opp av frivilligsentralane. Etter det bestemmer de sjølv når og kvar de skal møtast. 
  • Det er forventa at fadrane set av minst to timar annankvar veke til aktivitetar med flyktningane.
  • Etter tre månader er prosjektet over. I nokre tilfelle har venskap utvikla seg, og då vil det vera naturleg å halde kontakten på privat basis. I andre tilfelle er det naturleg at forholdet mellom fadder og flyktning blir avslutta etter dei tre månadene prosjektet varer.


De bestemmer sjølve kva aktivitetar de skal gjere saman og kva tidspunkt de skal møtast. Forslag til aktivitetar kan vere: 

  • Ta med flyktningane på eigne fritidsaktivitetar og hobbyar.
  • Vise flyktningane viktige stader på den nye heimplassen, til dømes badevatn, idrettsbane, postkontor, ungdomsklubb osv. 
  • Inkludere flyktningene på skuleavslutningar, foreldremøte og tilstellingar i lokalsamfunnet 
  • Invitere dei på heimebesøk.
  • vise dei kor næraste daglegvarebutikk er, korleis kjeldesortering fungerer, korleis ein pantar flasker osv.
  • Hjelpe dei med å frakte ting dei treng heim til huset/leilegheita deira.


For flyktningen er fadderordninga ein unik måte å få eit nettverk i nærmiljøet på, og ein uvurderleg hjelp når det gjeld å forstå den norske kulturen og det norske levesettet. For faddaren representerer ordninga eit unikt høve til å læra ein annan kultur å kjenna og til å hjelpa ein ny nabo.

Høyrest dette interessant ut? Ønskjer du å bli flyktningfadder eller har du spørsmål?

Ta kontakt med Frivilligsentralane ved:

Veslemøy Maria Svartdal på telefon 453 16 624 

eller Marit Hellestveit på 462 84 258

Eller send ein E-post til

flyktningfadder@alver.kommune.no

2024 © Knarvik Frivilligsentral