Friluftsliv - folkehelse i beste forstand

Dei aller fleste av oss har i løpet av eit år vore på fottur i skogen eller på fjellet. Avkoblinga frå kvardagen gjer godt for kropp og sjel.

Aldersgruppe: For alle

Idrett og friluftsliv er to sider av same sak når ein ser på at målet er god folkehelse med opplevingar og utfordringar tilpassa kvar einskild. Å ta vare på miljøet heng godt saman med dette. Det er mange lag og organisasjonar som legg tilrette for at vi alle kan oppleve god aktivitet i skog og mark og på dei mange idrettsanlegga vi har.

Dei aller fleste av oss har i løpet av eit år vore på fottur i skogen eller på fjellet. Avkoblinga frå kvardagen gjer godt for kropp og sjel. Og det å vere med i eit felleskap både i idrett og friluftsliv gjer noko med oss. For mange av oss kan det vere ein terskel å kome igang. Då er det greit å vite at det fins mange tilbod for alle aldre og alle grupper. Det er turbøker i postkassar rundt omkring i Alver kommune, og det er kring mange toppar og turmål som premierast. Det er registrert hundrevis av turar, mange med GPS og ei turskildring.

Les om då Lindås kommune opna ny tursti til den høgaste toppen.. Denne toppen kan nåast frå fleire sider. Gjer deg kjent med alternativa og terrenget. Turen er ganske lang, det tar rundt 4 timar opp og nesten det same ned att. I dette terrenget treng ein gode kler, gode fjellsko og niste.

Alver kommune er medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF). BOF eig og driftar ei rekkje friluftsområde i kommunen. 

Friluftsliv

Flere aktiviteter

Dørstokkmila

Dørstokkmil, oftere brukt i bestemt form dørstokkmila, er et uttrykk for avstanden det kan føles å gå før en er ute av huset, altså over dørstokken, når motivasjonen mangler. Uttrykket assosieres med manglende tiltak eller nøling. Begrepet brukes også mer generelt om hvor vanskelig det kan være å komme i gang med noe og er i slik forstand knyttet til uttrykket «godt begynt er halvt fullendt». En annen betydning av begrepet er situasjonen som ofte oppstår når noen er på besøk og er i ferd med å gå igjen, men likevel blir stående og prate i døråpningen eller på trappa.

2024 © Knarvik Frivilligsentral