-
Data for seniorar
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
Møtelokalar, grendahus, lagshus
Vi har ei stor mengde brukshus, lagshus, grendahus i Alver kommune. I tillegg brukast skulane. Knarvik Frivilligsentral har eit godt lokale for møter og samlingarDriv du lagshus/grendahus i bygda di?
”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande - private aktørar som ofte driv på dugnad. Det må vere eit felles mål for både det offentlege og eigarane at bygdehusa blir godt bevart. Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:
- Drift og vedlikehald av hus
- Korleis laga gode arrangement
- Kor får ein tak i gode kulturaktørar
- Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til
https://hordaland.ungdomslag.no/ungdomshus/
På Foreningsportalen til Alver kommune kan du søke opp mange av bygga.
Skoleanlegga: Når det gjeld skoleanlegga så legg kommunen tilrette for at lag og organisasjonar kan nytte skulebygg til aktivitetar. Det å nytte skulerom og skulebygningar i frivillig lag og organisasjonsaktivitet har vore ein praksis i kommunen i alle år. Men det har med jamne mellomrom vore debatt kring tolkinga på denne ordninga, og lag og organisasjonar har fått tilsendt faktura for bruk av lokala. Men kva seier eigentleg lovverket? Dåverande Lindås kulturråd (2018) tok kontakt med kunnskapsdepartementet og spurte kring definisjonen undervisningslokale og bruk av desse lokala. Tolkning av voksenopplæringsloven § 7
Aktiv kommune: Vi nytter eit bookingsystem son heiter Aktiv kommune. I dette systemet kan lag og foreningar i Alver bestille leige av kommunen sine anlegg.
Del på:
-
Flyktning og innvandrer
I dag er det flyktningar frå fleire land som oppheld seg i Alver, og vi venter fleire flyktningar i tida framover
-
Idag for andre - seinare for meg
Vi blir alle eldre. Og med tida treng vi hjelp og assistanse. Kva for eit liv vil vi ha og kva for tilbod ønskjer vi?
-
Møtelokalet i Knarvik frivilligsentral
Har du ønskje om å bruke møtelokalet til Knarvik Frivilligsentral?
-
Ny i Alver
Er du nytilflytta til kommunen og syns det er vanskeleg å finna fram?