-
Aktivitet for seniorar
Knarvik Frivilligsentral ønskjer å leggje forkus på kvalitetsreformen "Leve hele livet".
Friluftsliv - folkehelse i beste forstand
Dei aller fleste av oss har i løpet av eit år vore på fottur i skogen eller på fjellet. Avkoblinga frå kvardagen gjer godt for kropp og sjel.Aldersgruppe: For alle
Idrett og friluftsliv er to sider av same sak når ein ser på at målet er god folkehelse med opplevingar og utfordringar tilpassa kvar einskild. Å ta vare på miljøet heng godt saman med dette.
Dei aller fleste av oss har i løpet av eit år vore på fottur i skogen eller på fjellet. Avkoblinga frå kvardagen gjer godt for kropp og sjel. Og det å vere med i eit felleskap både i idrett og friluftsliv gjer noko med oss. For mange av oss kan det vere ein terskel å kome igang. Då er det greit å vite at det fins mange tilbod for alle aldre og alle grupper. Det er over 60 turbøker i postkassar rundt omkring i Alver kommune, og det er kring 15 toppar og turmål som premierast. Det er registrert rundt 200 turar, mange med GPS og ei turskildring.
Les om da vi opna ny tursti til den høgaste toppen.. Denne toppen kan nåast frå fleire sider. Gjer deg kjent med alternativa og terrenget. Turen er ganske lang, det tar rundt 4 timar opp og nesten det same ned att. I dette terrenget treng ein gode kler, gode fjellsko og niste.
Alver kommune er medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF). BOF eig og driftar ei rekkje friluftsområde i kommunen.
I samanheng med friluftsliv og opplevingar så kjem du nokre gonger over forsøpling i naturen. Dette ønskjer vi alle å gjere noko med.
Friluftsliv
- Dørstokkmila - mange spanande turar. Meir info kjem seinare
- Friluftslivets veke
- Stolpejakten
- Turskiltprosjektet - Rydding og merking av stiar
- Toppturar
- Turmarsjar
- Sjøaktivitet
- Turhytter i Stølsheimen
- Friluftsområde i Alver (BOF).
Idrett
Miljø
- Strandrydding. Meir om miljø
Del på:
-
Aktivitetsvenn
Det er mykje god helse i frivillig engasjement relatert til helse og omsorg. Det å bry seg gjer noko med ein sjølv.....
-
Data for seniorar
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
-
Dørstokkmila
Dørstokkmil, oftere brukt i bestemt form dørstokkmila, er et uttrykk for avstanden det kan føles å gå før en er ute av huset, altså over dørstokken, når motivasjonen mangler. Uttrykket assosieres med manglende tiltak eller nøling. Begrepet brukes også mer generelt om hvor vanskelig det kan være å komme i gang med noe og er i slik forstand knyttet til uttrykket «godt begynt er halvt fullendt». En annen betydning av begrepet er situasjonen som ofte oppstår når noen er på besøk og er i ferd med å gå igjen, men likevel blir stående og prate i døråpningen eller på trappa.
-
Flyktning og innvandrer
I dag er det flyktningar frå fleire land som oppheld seg i Alver, og vi venter fleire flyktningar i tida framover