-
Data for seniorar
Digitaliseringa går fort og fleire maktar knapt følgje med. Kom og få vete meir om kva krav som samfunnet stiller til oss når dei seier vi skal vere digitale borgarar. Har du PC, nettbrett eller mobiltelefon så ta det med. Seniordata er ein god stad å vere saman med andre. God prat og kaffi høyrer med.
Aktivitet for seniorar
Gjennom arbeidet i Frivilligsentralen har vi fulgt godt med på samfunnsendringane – både dei som er positive og dei som ikkje er så positive for seniorar i samfunnet. La oss sjå litt praktisk på kor seniorar kan vere med å bidra:I samarbeid med andre (og lag og organisasjonar/einskildpersonar)
- vere hallvertar i hallar og bygningar. Rett og slett vere vaksne tilstades i barne og ungdomsretta aktivitet slik som open hall osv
- pensjonistar som kan vere med å hjelpe til i helserelatert aktivitet - aktivitetsvenn, omsorgsperson, spaservenn, transport, følgetjeneste, støtte til sydenturar, omsorgsteknologi, avislesing, spillkvelder, ein god prat, praktisk småarbeid osv osv. Lista er lang.
- pensjonistar kan kanskje vere med både i SFO, i skolegården, på veg til/frå skulen, på bussen, på skoleturar, i klasserommet??
- pensjonistar kan vere med som resurs i kulturaktivitetar, bibliotek og frivilligsentral (seniorar inn i språkkafe, lån ein innbygger, tur- og språktrening, eldretreff, flyktningeguide, studentguide, datahjelp, mobiltelefonhjelp, kulturarrangement, praktisk hjelp osv
- og mykje meir...........
Dei fleste offentlege tenesteområda kor det snakkast og diskuterast om frivillige med tid til overs, kan det vere ønskeleg med eit samarbeid.
- Seniorrelaterte aktivitetar finn du fleire av i Foreningsportalen til Alver kommune
- Dørstokkmila har mange spanande turar
- Pensjonistseminaret - Knarvikmila
- Idag for andre - seinare for meg
- Slekta mi
- Strikkekafè med Sukkerklumpene
- Seniordata - dataklubb, datakurs (nettbank, digipost, epost, sms, nettbrett, mobil, PC)
- Senioruniversitetet
- Seniornett
Tenk over korleis vi sjølv vil ha det, kven vi ønskjer hjelp frå i gitte situasjonar, og ikkje minst - kven kan du sjølv hjelpe? Vi vil sjå i næraste framtid at samarbeid offentlig-frivillig kjem meir og meir på dagsorden.
Del på:
-
Dørstokkmila
Dørstokkmil, oftere brukt i bestemt form dørstokkmila, er et uttrykk for avstanden det kan føles å gå før en er ute av huset, altså over dørstokken, når motivasjonen mangler. Uttrykket assosieres med manglende tiltak eller nøling. Begrepet brukes også mer generelt om hvor vanskelig det kan være å komme i gang med noe og er i slik forstand knyttet til uttrykket «godt begynt er halvt fullendt». En annen betydning av begrepet er situasjonen som ofte oppstår når noen er på besøk og er i ferd med å gå igjen, men likevel blir stående og prate i døråpningen eller på trappa.
-
Flyktning og innvandrer
I dag er det flyktningar frå fleire land som oppheld seg i Alver, og vi venter fleire flyktningar i tida framover
-
Foreningsportal
Knarvik frivilligsentral har i flere år hatt ein god oversikt over lag og organisasjonar i kommunen og i regionen. Denne oversikten finn du no i ein eigen portal.
-
Friluftsliv - folkehelse i beste forstand
Dei aller fleste av oss har i løpet av eit år vore på fottur i skogen eller på fjellet. Avkoblinga frå kvardagen gjer godt for kropp og sjel.